previous next

Filipparane 1

Helsing

1  t t Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar:

2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Takk og bøn for forsamlinga


3  t Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4 Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. 5 For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet. 6 t Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 tt Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden.

8 tt Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9  t Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10 t så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag,

11 t fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

Alt som har hendt, tener evangeliet


12  t Eg vil de skal vita, sysken, at det som har hendt meg, har tent til framgang for evangeliet. 13 tt For det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre at det er for Kristi skuld eg ber lenkjer. 14 t På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet. 15 Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje. 16 Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet. 17 Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera.

18 t Men kva gjer det? Kristus blir i alle tilfelle forkynt, om det er med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over.
Ja, eg skal få endå meir å gleda meg over!
19 tt For eg veit at dette skal bli mi redning, ved dykkar bøner og hjelpa frå Jesu Kristi Ande.

20 Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.
21  t Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning. 22 Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja. 23 t Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. 24 Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare, 25 og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.

26 Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.

Strid for evangeliet med Kristi sinnelag


27  t Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet 28 t og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk. 29 t For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han. 30 t De står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.

PHILIPPIANS 1

1  t From Paul and Timothy, servants of Christ Jesus.
To all God's people who belong to Christ Jesus at Philippi and to all your bishops and deacons.

2 I pray that God our Father and the Lord Jesus Christ will be kind to you and will bless you with peace!

Paul's Prayer for the Church //in Philippi


3 Every time I think of you, I thank my God. 4 And whenever I mention you in my prayers, it makes me happy. 5 This is because you have taken part with me in spreading the good news from the first day you heard about it.

6 God is the one who began this good work in you, and I am certain that he won't stop before it is complete on the day that Christ Jesus returns.
7 You have a special place in my heart. So it is only natural for me to feel the way I do. All of you have helped in the work God has given me, as I defend the good news and tell about it here in jail.

8 God himself knows how much I want to see you. He knows I care for you in the same way Christ Jesus does.
9 I pray that your love will keep on growing and you will fully know and understand 10 how to make the right choices. Then you will still be pure and innocent when Christ returns. And until that day,

11 Jesus Christ will keep you busy doing good deeds that bring glory and praise to God.

What Life Means to Paul


12 My dear friends, I want you to know that what has happened to me has helped to spread the good news. 13 t The Roman guards and all the others know I am here in jail because I serve Christ.

14 Now most of the Lord's followers have become brave and are fearlessly telling the message.t
15 Some are preaching about Christ because they are jealous and envious of us. Others are preaching because they want to help. 16 They love Christ and know I am here to defend the good news about him. 17 But the ones who are jealous of us are not sincere. They just want to cause trouble for me while I am in jail.

18 But that doesn't matter. All that matters is that people are telling about Christ, whether they are sincere or not. This is what makes me glad.
I will keep on being glad,
19 because I know that your prayers and the help that comes from the Spirit of Christ Jesus will keep me safe.

20 I honestly expect and hope I will never do anything to be ashamed of. Whether I live or die, I always want to be as brave as I am now and bring honor to Christ.
21 If I live, it will be for Christ, and if I die, I will gain even more. 22 I don't know what to choose. I could keep on living and doing something useful. 23 It is a hard choice to make. I want to die and be with Christ, because this would be much better. 24-25 But I know that all of you still need me. This is why I am sure I will stay on to help you grow and be happy in your faith.

26 Then, when I visit you again, you will have good reason to take great pride in Christ Jesus because of me.t

27 Above all else, you must live in a way that brings honor to the good news about Christ. Then, whether I visit you or not, I will hear that all of you think alike. I will know that you are working together and are struggling side by side to get others to believe the good news.
28 Be brave when you face your enemies. Your courage will show them that they are going to be destroyed, and it will show you that you will be saved. God will make all of this happen, 29 and he has blessed you. Not only do you have faith in Christ, but you suffer for him. 30 t You saw me suffer, and you still hear about my troubles. Now you must suffer in the same way.