Filipparane 1
Helsing
1 Paulus og Timoteus, Jesu Kristi tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus, dei som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar. t
2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!Takk og bøn for kyrkjelyden
3 Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. t 4 Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede. 5 For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. t 7 Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. t
8 Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.t
9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, t 10 så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, t
11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.tAlt som har hendt, tener evangeliet
12 Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet. t 13 Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer. t t 14 Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord. 15 Det finst nok dei som forkynner Kristus fordi dei er misunnelege og vil ha strid, men somme gjer det av god vilje. 16 Dei forkynner Kristus av kjærleik, fordi dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet. 17 Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera. 18 Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det. t 19 For eg veit at alt dette skal verta til frelse for meg, av di de bed for meg, og Jesu Kristi Ande gjev meg hjelp. t 20 Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved det som hender med meg, anten eg lever eller døyr. 21 For meg er livet Kristus og døden ei vinning. t 22 Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja. 23 Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. t 24 Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva. 25 Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.
26 Og når eg kjem til dykk att, skal de i Kristus Jesus få rikeleg grunn til å prisa dykk lukkelege for mi skuld.Strid for evangeliet, med Kristi sinnelag
27 Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Anten eg no kjem og sjølv ser dykk, eller eg er borte, så lat meg få høyra at de står faste i éin Ande og samhuga strider for trua på evangeliet, t 28 og ikkje på nokon måte lèt dykk skræma av motstandarane. Dette er eit varsel frå Gud sjølv, for dei om fortaping, men for dykk om frelse. t 29 Dykk vart det gjeve, ikkje berre å tru på Kristus, men òg å lida for han. t 30 De har den same striden som de såg at eg hadde, og som de no høyrer at eg har.t
PHILIPPIANS 1
1 t From Paul and Timothy, servants of Christ Jesus.
To all God's people who belong to Christ Jesus at Philippi and to all your bishops and deacons.
2 I pray that God our Father and the Lord Jesus Christ will be kind to you and will bless you with peace!Paul's Prayer for the Church //in Philippi
3 Every time I think of you, I thank my God. 4 And whenever I mention you in my prayers, it makes me happy. 5 This is because you have taken part with me in spreading the good news from the first day you heard about it.
6 God is the one who began this good work in you, and I am certain that he won't stop before it is complete on the day that Christ Jesus returns.
7 You have a special place in my heart. So it is only natural for me to feel the way I do. All of you have helped in the work God has given me, as I defend the good news and tell about it here in jail.
8 God himself knows how much I want to see you. He knows I care for you in the same way Christ Jesus does.
9 I pray that your love will keep on growing and you will fully know and understand 10 how to make the right choices. Then you will still be pure and innocent when Christ returns. And until that day,
11 Jesus Christ will keep you busy doing good deeds that bring glory and praise to God.What Life Means to Paul
12 My dear friends, I want you to know that what has happened to me has helped to spread the good news. 13 t The Roman guards and all the others know I am here in jail because I serve Christ.
14 Now most of the Lord's followers have become brave and are fearlessly telling the message.t
15 Some are preaching about Christ because they are jealous and envious of us. Others are preaching because they want to help. 16 They love Christ and know I am here to defend the good news about him. 17 But the ones who are jealous of us are not sincere. They just want to cause trouble for me while I am in jail.
18 But that doesn't matter. All that matters is that people are telling about Christ, whether they are sincere or not. This is what makes me glad.
I will keep on being glad, 19 because I know that your prayers and the help that comes from the Spirit of Christ Jesus will keep me safe.
20 I honestly expect and hope I will never do anything to be ashamed of. Whether I live or die, I always want to be as brave as I am now and bring honor to Christ.
21 If I live, it will be for Christ, and if I die, I will gain even more. 22 I don't know what to choose. I could keep on living and doing something useful. 23 It is a hard choice to make. I want to die and be with Christ, because this would be much better. 24-25 But I know that all of you still need me. This is why I am sure I will stay on to help you grow and be happy in your faith.
26 Then, when I visit you again, you will have good reason to take great pride in Christ Jesus because of me.t
27 Above all else, you must live in a way that brings honor to the good news about Christ. Then, whether I visit you or not, I will hear that all of you think alike. I will know that you are working together and are struggling side by side to get others to believe the good news.
28 Be brave when you face your enemies. Your courage will show them that they are going to be destroyed, and it will show you that you will be saved. God will make all of this happen, 29 and he has blessed you. Not only do you have faith in Christ, but you suffer for him. 30 t You saw me suffer, and you still hear about my troubles. Now you must suffer in the same way.