Filipparane 2
1 Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn, 2 t så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn. 3 t Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 t Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.
5 t Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
6 t t Han var i Guds skapnad
og såg det ikkje som eit rov
å vera Gud lik, t
7 t men gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
Då han stod fram som menneske,
8 t fornedra han seg sjølv
og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
9 t t Difor har òg Gud
opphøgd han til det høgste
og gjeve han namnet over alle namn.
10 t I Jesu namn skal difor
kvart kne bøya seg,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 t og kvar tunge vedkjenna
at Jesus Kristus er Herre,
til Gud Faders ære!
12 t t Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt. 13 t For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje. 14 Gjer alt utan murring og misnøye, 15 t så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen 16 t når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og strevet mitt ikkje har vore bortkasta. 17 tt Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.
18 t Like eins skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.Timoteus og Epafroditus, to trufaste medarbeidarar
19 t I Herren Jesus har eg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk. 20 Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk. 21 t Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje Jesu Kristi sak. 22 Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin. 23 Eg vonar eg kan senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi,
24 t men i Herren veit eg at eg snart skal koma sjølv.
25 t t Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus tilbake til dykk. Han er min bror og medarbeidar og stridskamerat, og han var dykkar utsending som skulle hjelpa meg med det eg trong. 26 Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk. 27 Han var alvorleg sjuk, ja, døden nær. Men Gud miskunna seg over han, ja, ikkje berre over han, men òg over meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg. 28 Difor var det endå viktigare for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk over å sjå han att og eg kan ha ei sorg mindre. 29 t Ta imot han i Herrens namn med inderleg glede, og hald slike som han høgt i ære. 30 t Det var i arbeidet for Kristus han var døden nær; han våga livet for å gje meg det som mangla i den hjelpa eg fekk frå dykk.
PHILIPPIANS 2
True Humility
1 Christ encourages you, and his love comforts you. God's Spirit unites you, and you are concerned for others. 2 Now make me completely happy! Live in harmony by showing love for each other. Be united in what you think, as if you were only one person. 3 Don't be jealous or proud, but be humble and consider others more important than yourselves. 4 Care about them as much as you care about yourselves
5 and think the same way that Christ Jesus thought:t
6 Christ was truly God.
But he did not try to remaint
equal with God.
7 Instead he gave up everythingt
and became a slave,
when he became
like one of us.
8 Christ was humble.
He obeyed God and even died
on a cross.
9 Then God gave Christ
the highest place
and honored his name
above all others.
10 t So at the name of Jesus
everyone will bow down,
those in heaven, on earth,
and under the earth.
11 And to the glory
of God the Father
everyone will openly agree,
“Jesus Christ is Lord!”Lights in the World
12 My dear friends, you always obeyed when I was with you. Now that I am away, you should obey even more. So work with fear and trembling to discover what it really means to be saved.
13 God is working in you to make you willing and able to obey him.
14 Do everything without grumbling or arguing. 15 t Then you will be the pure and innocent children of God. You live among people who are crooked and evil, but you must not do anything they can say is wrong. Try to shine as lights among the people of this world,
16 as you hold firmly tot the message that gives life. Then on the day when Christ returns, I can take pride in you. I can also know that my work and efforts were not useless.
17 Your faith in the Lord and your service are like a sacrifice offered to him. And my own blood may have to be poured out with the sacrifice.t If this happens, I will be glad and rejoice with you.
18 In the same way, you should be glad and rejoice with me.Timothy and Epaphroditus
19 I want to be encouraged by news about you. So I hope the Lord Jesus will soon let me send Timothy to you. 20 I don't have anyone else who cares about you as much as he does. 21 The others think only about what interests them and not about what concerns Christ Jesus. 22 But you know what kind of person Timothy is. He has worked with me like a son in spreading the good news. 23 I hope to send him to you, as soon as I find out what is going to happen to me.
24 And I feel sure the Lord will also let me come soon.
25 I think I ought to send my dear friend Epaphroditus back to you. He is a follower and a worker and a soldier of the Lord, just as I am. You sent him to look after me, 26 but now he is eager to see you. He is worried, because you heard he was sick.
27 In fact, he was very sick and almost died. But God was kind to him, and also to me, and he kept me from being burdened down with sorrow.
28 Now I am more eager than ever to send Epaphroditus back again. You will be glad to see him, and I won't have to worry any longer. 29 Be sure to give him a cheerful welcome, just as people who serve the Lord deserve. 30 He almost died working for Christ, and he risked his own life to do for me what you could not.