Filipparane 3
Å vinna Kristus
1 t Og så, mine sysken: Gled dykk i Herren! Eg blir ikkje trøytt av å skriva det på nytt, og det skal gjera dykk trygge. 2 t Hald auge med hundane, hald auge med dei vonde arbeidarane, hald auge med dei som skamskjer seg. 3 t For det er vi som er dei omskorne. Vi gjer teneste ved Guds Ande, vi er stolte i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til det ytre. 4 t Eg har rett nok mykje å setja mi lit til, ytre sett. Om nokon meiner han kan lita på det ytre, kan eg det endå meir. 5 t Eg er omskoren åttande dagen, eg er av Israels folk og Benjamins stamme, hebrear av hebrearar, lovlydig farisear,
6 t brennande ivrig forfølgjar av kyrkja og ulasteleg i rettferd etter lova.
7 t Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap. 8 Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus 9 t og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men med den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua. 10 t Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og blir lik han ved at eg døyr som han
11 – om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde!Fram mot målet
12 t Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. 13 t Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, 14 t og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 tt Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk.
16 t Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
17 t Følg føredømet mitt, sysken, og sjå opp til dei som lever etter det førebiletet de har i oss. 18 t For som eg har sagt dykk mange gonger før, og no seier med tårer i auga: Mange lever som fiendar av Kristi kross. 19 t Fortaping blir utgangen deira, magen er guden deira, i skam set dei si ære, og dei søkjer berre det jordiske. 20 t Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi frelsaren, Herren Jesus Kristus. 21 t Han skal omskapa denne veike og skrøpelege kroppen vår og gjera han lik den kroppen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.
PHILIPPIANS 3
Being Acceptable to God
1 Finally, my dear friends, be glad that you belong to the Lord. It doesn't bother me to write the same things to you that I have written before. In fact, it is for your own good.
2 Watch out for those people who behave like dogs! They are evil and want to do more than just circumcise you. 3 But we are the ones who are truly circumcised, because we worship by the power of God's Spiritt and take pride in Christ Jesus. We don't brag about what we have done, 4 although I could. Others may brag about themselves, but I have more reason to brag than anyone else. 5 t I was circumcised when I was eight days old, t and I am from the nation of Israel and the tribe of Benjamin. I am a true Hebrew. As a Pharisee, I strictly obeyed the Law of Moses.
6 t And I was so eager I even made trouble for the church. I did everything the Law demands in order to please God.
7 But Christ has shown me that what I once thought was valuable is worthless. 8 Nothing is as wonderful as knowing Christ Jesus my Lord. I have given up everything else and count it all as garbage. All I want is Christ 9 and to know that I belong to him. I could not make myself acceptable to God by obeying the Law of Moses. God accepted me simply because of my faith in Christ. 10 All I want is to know Christ and the power that raised him to life. I want to suffer and die as he did,
11 so that somehow I also may be raised to life.Running toward the Goal
12 I have not yet reached my goal, and I am not perfect. But Christ has taken hold of me. So I keep on running and struggling to take hold of the prize. 13 My friends, I don't feel I have already arrived. But I forget what is behind, and I struggle for what is ahead. 14 I run toward the goal, so I can win the prize of being called to heaven. This is the prize God offers because of what Christ Jesus has done. 15 All of us who are mature should think in this same way. And if any of you think differently, God will make it clear to you.
16 But we must keep going in the direction that we are now headed.
17 t My friends, I want you to follow my example and learn from others who closely follow the example we set for you. 18 I often warned you that many people are living as enemies of the cross of Christ. And now with tears in my eyes, I warn you again
19 that they are headed for hell! They worship their stomachs and brag about the disgusting things they do. All they can think about are the things of this world.
20 But we are citizens of heaven and are eagerly waiting for our Savior to come from there. Our Lord Jesus Christ 21 t has power over everything, and he will make these poor bodies of ours like his own glorious body.