Romarane 12
Det kristne livet
1 t t Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
2 t Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
3 t Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han. 4 t Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 t På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre. 6 t Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua; 7 t den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,
8 tt og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
9 t Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10 t Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11 t Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12 t Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13 t Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14 t Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16 t Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! 17 t Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. 18 t Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. 19 t Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren.
20 t Men:
Er fienden din svolten, så lat han få mat,
er han tørst, så gjev han drikke.
Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
21 t Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!
ROMANS 12
Christ Brings New Life
1 Dear friends, God is good. So I beg you to offer your bodies to him as a living sacrifice, pure and pleasing. That's the most sensible way to serve God.
2 Don't be like the people of this world, but let God change the way you think. Then you will know how to do everything that is good and pleasing to him.
3 I realize God has treated me with undeserved grace, and so I tell each of you not to think you are better than you really are. Use good sense and measure yourself by the amount of faith that God has given you. 4 t A body is made up of many parts, and each of them has its own use.
5 That's how it is with us. There are many of us, but we each are part of the body of Christ, as well as part of one another.
6 t God has also given each of us different gifts to use. If we can prophesy, we should do it according to the amount of faith we have. 7 If we can serve others, we should serve. If we can teach, we should teach.
8 If we can encourage others, we should encourage them. If we can give, we should be generous. If we are leaders, we should do our best. If we are good to others, we should do it cheerfully.Rules for Christian Living
9 Be sincere in your love for others. Hate everything that is evil and hold tight to everything that is good. 10 Love each other as brothers and sisters and honor others more than you do yourself. 11 Never give up. Eagerly follow the Holy Spirit and serve the Lord. 12 Let your hope make you glad. Be patient in time of trouble and never stop praying.
13 Take care of God's needy people and welcome strangers into your home.
14 t Ask God to bless everyone who mistreats you. Ask him to bless them and not to curse them. 15 t When others are happy, be happy with them, and when they are sad, be sad. 16 t Be friendly with everyone. Don't be proud and feel that you know more than others. Make friends with ordinary people.t 17 Don't mistreat someone who has mistreated you. But try to earn the respect of others,
18 and do your best to live at peace with everyone.
19 t Dear friends, don't try to get even. Let God take revenge. In the Scriptures the Lord says,
“I am the one to take revenge
and pay them back.”
20 t The Scriptures also say,
“If your enemies are hungry,
give them something to eat.
And if they are thirsty,
give them something
to drink.
This will be the same
as piling burning coals
on their heads.”
21 Don't let evil defeat you, but defeat evil with good.