Romarane 12
Det kristne livet
1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. t
2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.t
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. t 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. t 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. t 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; t 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, t
8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.t
9 Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. t 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. t 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! t 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. t 13 Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde. t 14 Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje. t 15 Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt. 16 Ver samlyndte, trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! t 17 Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er for alle menneske. t 18 Er det råd, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk. t 19 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat straffa til Gud. For det står skrive: Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld, seier Herren. t
20 Men det står òg:t
Er din uven svolten, ¬så lat han få mat,
er han tyrst, så gjev han drikke.
Gjer du det,
samlar du gloande kol ¬på hovudet hans.
21 Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!t
ROMANS 12
Christ Brings New Life
1 Dear friends, God is good. So I beg you to offer your bodies to him as a living sacrifice, pure and pleasing. That's the most sensible way to serve God.
2 Don't be like the people of this world, but let God change the way you think. Then you will know how to do everything that is good and pleasing to him.
3 I realize God has treated me with undeserved grace, and so I tell each of you not to think you are better than you really are. Use good sense and measure yourself by the amount of faith that God has given you. 4 t A body is made up of many parts, and each of them has its own use.
5 That's how it is with us. There are many of us, but we each are part of the body of Christ, as well as part of one another.
6 t God has also given each of us different gifts to use. If we can prophesy, we should do it according to the amount of faith we have. 7 If we can serve others, we should serve. If we can teach, we should teach.
8 If we can encourage others, we should encourage them. If we can give, we should be generous. If we are leaders, we should do our best. If we are good to others, we should do it cheerfully.Rules for Christian Living
9 Be sincere in your love for others. Hate everything that is evil and hold tight to everything that is good. 10 Love each other as brothers and sisters and honor others more than you do yourself. 11 Never give up. Eagerly follow the Holy Spirit and serve the Lord. 12 Let your hope make you glad. Be patient in time of trouble and never stop praying.
13 Take care of God's needy people and welcome strangers into your home.
14 t Ask God to bless everyone who mistreats you. Ask him to bless them and not to curse them. 15 t When others are happy, be happy with them, and when they are sad, be sad. 16 t Be friendly with everyone. Don't be proud and feel that you know more than others. Make friends with ordinary people.t 17 Don't mistreat someone who has mistreated you. But try to earn the respect of others,
18 and do your best to live at peace with everyone.
19 t Dear friends, don't try to get even. Let God take revenge. In the Scriptures the Lord says,
“I am the one to take revenge
and pay them back.”
20 t The Scriptures also say,
“If your enemies are hungry,
give them something to eat.
And if they are thirsty,
give them something
to drink.
This will be the same
as piling burning coals
on their heads.”
21 Don't let evil defeat you, but defeat evil with good.