Romarane 13
Tilhøvet til styremaktene
1 Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. t 2 Den som set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer, skal få sin dom. 3 Dei som styrer, er inga skræmsle for den som gjer godt, men for den som gjer vondt. Vil du sleppa å vera redd styremakta? Gjer det som godt er, og ho kjem til å rosa deg. t 4 For styremakta er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd; for ho ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som set hans dom iverk over den som gjer det vonde. 5 Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet. 6 Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av.
7 Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære.tKjærleiken er oppfylling av lova
8 Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. t 9 For boda: Du skal ikkje bryta ekteskapet, Du skal ikkje slå i hel, Du skal ikkje stela, Du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det så kan vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. t 10 Den som har kjærleik, gjer ikkje nesten noko vondt. Difor er kjærleiken oppfylling av lova. t 11 De veit kor langt det lid: Timen er komen då de lyt vakna opp or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til tru. t 12 Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, og ta på oss dei våpen som høyrer ljoset til. t t 13 Lat oss fara sømeleg fram som på ljose dagen, ikkje i svir og drikk, ikkje i hor og sedløyse, ikkje i strid og misunning. t 14 Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsut for lekamen at det kveikjest lyster.t
ROMANS 13
Obey Rulers
1 t Obey the rulers who have authority over you. Only God can give authority to anyone, and he puts these rulers in their places of power. 2 People who oppose the authorities are opposing what God has done, and they will be punished. 3 Rulers are a threat to evil people, not to good people. There is no need to be afraid of the authorities. Just do right, and they will praise you for it.
4 After all, they are God's servants, and it is their duty to help you.
If you do something wrong, you ought to be afraid, because these rulers have the right to punish you. They are God's servants who punish criminals to show how angry God is.
5 But you should obey the rulers because you know it is the right thing to do, and not just because of God's anger.
6 t You must also pay your taxes. The authorities are God's servants, and it is their duty to take care of these matters.
7 Pay all that you owe, whether it is taxes and fees or respect and honor.Love
8 Let love be your only debt! If you love others, you have done all that the Law demands. 9 t In the Law there are many commands, such as, “Be faithful in marriage. Do not murder. Do not steal. Do not want what belongs to others.” But all of these are summed up in the command that says, “Love others as much as you love yourself.”
10 No one who loves others will harm them. So love is all that the Law demands.The Day //When Christ Returns
11 You know what sort of times we live in, and so you should live properly. It is time to wake up. You know that the day when we will be saved is nearer now than when we first put our faith in the Lord. 12 Night is almost over, and day will soon appear. We must stop behaving as people do in the dark and be ready to live in the light. 13 So behave properly, as people do in the day. Don't go to wild parties or get drunk or be vulgar or indecent. Don't quarrel or be jealous. 14 Let the Lord Jesus Christ be as near to you as the clothes you wear. Then you won't try to satisfy your selfish desires.