previous next

Romarane 6

Sameina med Kristus i dåpen

1  t Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større? 2 t Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne? 3 t Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? 4 t Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. 5 t Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. 6 t Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda. 7 t For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 t Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han. 9 t Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, då døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 t Døden han døydde, den døydde han for synda, éin gong for alle, men livet han lever, det lever han for Gud.

11 t På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

I teneste for Gud


12 Lat då ikkje synda rå i den dødelege kroppen dykkar, så de gjev etter for lystene i denne kroppen. 13 t Og byd ikkje lemene dykkar fram til teneste for synda, som våpen for uretten. Men byd dykk sjølve og lemene dykkar fram til teneste for Gud, som våpen for det som er rett. For de var døde og har fått liv.

14 t Synda skal ikkje vera herre over dykk. For de er ikkje under lova, men under nåden.
15  t Kva skal vi då seia? Skal vi synda sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! 16 t Veit de ikkje at når de byd dykk fram som slavar for nokon og lyder han, då er de verkeleg slavar under den som rår over dykk? De blir anten slavar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. 17 Men Gud vere takk! De som før var slavar under synda, har no av hjartet vorte lydige mot den læra som de vart overgjevne til. 18 t De vart sette fri frå synda og er slavar for rettferda – 19 eg bruker eit bilete frå dagleglivet sidan de er veike, av kjøt og blod. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for det ureine og det urette, og det førte berre til urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for rettferda, så de kan bli heilage. 20 Medan de var slavar under synda, var de frie frå det som er rett. 21 t Kva slags frukter hausta de av det? Slike som de no skammar dykk over, for dei fører til døden. 22 t Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud, og frukta er eit liv i helging, og det fører til evig liv. 23 t For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

ROMANS 6

Dead to Sin but Alive //because of Christ

1 What should we say? Should we keep on sinning, so that God's gift of undeserved grace will show up even better? 2 No, we should not! If we are dead to sin, how can we go on sinning? 3 Don't you know that all who share in Christ Jesus by being baptized also share in his death?

4 t When we were baptized, we died and were buried with Christ. We were baptized, so we would live a new life, as Christ was raised to life by the glory of God the Father.
5 If we shared in Jesus' death by being baptized, we will be raised to life with him. 6 We know that the persons we used to be were nailed to the cross with Jesus. This was done, so our sinful bodies would no longer be the slaves of sin.

7 We know sin doesn't have power over dead people.
8 As surely as we died with Christ, we believe we will also live with him. 9 We know that death no longer has any power over Christ. He died and was raised to life, never again to die. 10 When Christ died, he died for sin once and for all. But now he is alive, and he lives only for God.

11 In the same way, you must think of yourselves as dead to the power of sin. But Christ Jesus has given life to you, and you live for God.
12 Don't let sin rule your body. After all, your body is bound to die, so don't obey its desires 13 or let any part of it become a slave of evil. Give yourselves to God, as people who have been raised from death to life. Make every part of your body a slave that pleases God.

14 Don't let sin keep ruling your lives. You are ruled by God's undeserved grace and not by the Law.

Slaves Who Do What //Pleases God


15 What does all this mean? Does it mean we are free to sin, because we are ruled by God's gift of undeserved grace and not by the Law? Certainly not! 16 Don't you know that you are slaves of anyone you obey? You can be slaves of sin and die, or you can be obedient slaves of God and be acceptable to him. 17 You used to be slaves of sin. But I thank God that with all your heart you followed the example set forth in the teaching you received.

18 Now you are set free from sin and are slaves who please God.

19 I am using these everyday examples, because in some ways you are still weak. You used to let the different parts of your body be slaves of your evil thoughts. But now you must make every part of your body serve God, so that you will belong completely to him.
20 When you were slaves of sin, you didn't have to please God. 21 But what good did you receive from the things you did? All you have to show for them is your shame, and they lead to death. 22 Now you have been set free from sin, and you are God's slaves. This will make you holy and will lead you to eternal life. 23 Sin pays off with death. But God's gift is eternal life given by Jesus Christ our Lord.