previous next

Romarane 7

Fridom frå lova

1 Eller veit de ikkje, mine sysken – for eg talar då til folk som kjenner lova – at lova rår over eit menneske berre så lenge det lever? 2 t Ei gift kvinne er av lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til mannen. 3 Difor kan ho kallast ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og er ingen ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan. 4 t Slik er det òg med dykk, mine sysken. Gjennom Kristi kropp har de døydd bort frå lova. De høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud. 5 tt Då kjøtet hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.

6 t Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døydd frå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv i Anden, og ikkje i det gamle, etter bokstaven.

Lova og synda


7  t Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst om synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 t Synda brukte bodet til å vekkja alle slags lyster i meg, men utan lova er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lova. Men då bodet kom, fekk synda liv, 10 t og eg døydde. Slik viste det seg at bodet som skulle gje liv, førte til død. 11 t For synda brukte bodet til å narra og drepa meg. 12 t Lova er altså heilag, og bodet er heilagt, rett og godt.

13 Men har så det gode ført til døden for meg? Langt ifrå! Men synda brukte det gode til å føra meg i døden, for å gjera det klårt korleis synda er: Gjennom bodet skulle synda visa seg å vera over all måte syndig.
14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda. 15 t For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg. 16 t Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 tt For eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje. 19 Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 t Så finn eg altså at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22 t Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23 Men i lemene mine kan eg sjå ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i mitt sinn og gjer meg til fange under syndelova, som er i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens kropp? 25 tt Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Slik er altså eg: Med sinnet tener eg Guds lov, men med kjøtet tener eg syndelova.

ROMANS 7

An Example from Marriage

1 My friends, you surely understand enough about law to know that laws only have power over people who are alive. 2 For example, the Law says that a man's wife must remain his wife as long as he lives. But once her husband is dead, she is free

3 to marry someone else. However, if she goes off with another man while her husband is still alive, she is said to be unfaithful.
4 That is how it is with you, my friends. You are now part of the body of Christ and are dead to the power of the Law. You are free to belong to Christ, who was raised to life so we could serve God. 5 When we thought only of ourselves, the Law made us have sinful desires. It made every part of our bodies into slaves who are doomed to die.

6 But the Law no longer rules over us. We are like dead people, and it cannot have any power over us. Now we can serve God in a new way by obeying his Spirit, and not in the old way by obeying the written Law.

The Battle with Sin


7  t Does this mean that the Law is sinful? Certainly not! But if it had not been for the Law, I would not have known what sin is really like. For example, I would not have known what it means to want something that belongs to someone else, unless the Law had told me not to do this.

8 It was sin that used this command as a way of making me have all kinds of desires. But without the Law, sin is dead.
9 Before I knew about the Law, I was alive. But as soon as I heard that command, sin came to life, 10 and I died. The very command that was supposed to bring life to me, instead brought death. 11 t Sin used this command to trick me, and because of it I died.

12 Still, the Law and its commands are holy and correct and good.
13 Am I saying something good caused my death? Certainly not! It was sin that killed me by using something good. Now we can see how terrible and evil sin really is. 14 We know that the Law is spiritual. But I am merely a human, and I have been sold as a slave to sin. 15 t In fact, I don't understand why I act the way I do. I don't do what I know is right. I do the things I hate. 16 Although I don't do what I know is right, I agree that the Law is good.

17 So I am not the one doing these evil things. The sin that lives in me is what does them.
18 I know that my selfish desires won't let me do anything that is good. Even when I want to do right, I cannot. 19 Instead of doing what I know is right, I do wrong.

20 And so, if I don't do what I know is right, I am no longer the one doing these evil things. The sin that lives in me is what does them.
21 The Law has shown me that something in me keeps me from doing what I know is right. 22 With my whole heart I agree with the Law of God. 23 But in every part of me I discover something fighting against my mind, and it makes me a prisoner of sin that controls everything I do. 24 What a miserable person I am. Who will rescue me from this body that is doomed to die?

25 Thank God! Jesus Christ will rescue me.
So with my mind I serve the Law of God, although my selfish desires make me serve the law of sin.