previous next

Romarane 7

Fridom frå lova

1 De kjenner lova, brør, og veit at ho rår over eit menneske berre så lenge det lever. 2 Ei gift kvinne er etter lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til han. t 3 Difor bryt ho ekteskapet om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og bryt ikkje ekteskapet om ho gifter seg med ein annan. 4 Såleis er det med dykk òg, brør. Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud. t 5 Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død. t t

6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.t

Lova og synda


7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. t 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. t 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. t 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. t 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. t

13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig.
14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. 15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. t 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. t 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. t 19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. t 22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. t 23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.t

ROMANS 7

An Example from Marriage

1 My friends, you surely understand enough about law to know that laws only have power over people who are alive. 2 For example, the Law says that a man's wife must remain his wife as long as he lives. But once her husband is dead, she is free

3 to marry someone else. However, if she goes off with another man while her husband is still alive, she is said to be unfaithful.
4 That is how it is with you, my friends. You are now part of the body of Christ and are dead to the power of the Law. You are free to belong to Christ, who was raised to life so we could serve God. 5 When we thought only of ourselves, the Law made us have sinful desires. It made every part of our bodies into slaves who are doomed to die.

6 But the Law no longer rules over us. We are like dead people, and it cannot have any power over us. Now we can serve God in a new way by obeying his Spirit, and not in the old way by obeying the written Law.

The Battle with Sin


7  t Does this mean that the Law is sinful? Certainly not! But if it had not been for the Law, I would not have known what sin is really like. For example, I would not have known what it means to want something that belongs to someone else, unless the Law had told me not to do this.

8 It was sin that used this command as a way of making me have all kinds of desires. But without the Law, sin is dead.
9 Before I knew about the Law, I was alive. But as soon as I heard that command, sin came to life, 10 and I died. The very command that was supposed to bring life to me, instead brought death. 11 t Sin used this command to trick me, and because of it I died.

12 Still, the Law and its commands are holy and correct and good.
13 Am I saying something good caused my death? Certainly not! It was sin that killed me by using something good. Now we can see how terrible and evil sin really is. 14 We know that the Law is spiritual. But I am merely a human, and I have been sold as a slave to sin. 15 t In fact, I don't understand why I act the way I do. I don't do what I know is right. I do the things I hate. 16 Although I don't do what I know is right, I agree that the Law is good.

17 So I am not the one doing these evil things. The sin that lives in me is what does them.
18 I know that my selfish desires won't let me do anything that is good. Even when I want to do right, I cannot. 19 Instead of doing what I know is right, I do wrong.

20 And so, if I don't do what I know is right, I am no longer the one doing these evil things. The sin that lives in me is what does them.
21 The Law has shown me that something in me keeps me from doing what I know is right. 22 With my whole heart I agree with the Law of God. 23 But in every part of me I discover something fighting against my mind, and it makes me a prisoner of sin that controls everything I do. 24 What a miserable person I am. Who will rescue me from this body that is doomed to die?

25 Thank God! Jesus Christ will rescue me.
So with my mind I serve the Law of God, although my selfish desires make me serve the law of sin.