previous next

Romarane 8

Livet i Anden

1 Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. 2 tt For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden. 3 tt Det som var umogleg for lova, sidan ho stod maktlaus fordi vi er av kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same slag kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss. 4 Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil. 5 Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever slik Anden vil, traktar etter det som høyrer Anden til. 6 t For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred. 7 t Difor er det som kjøtet vil, fiendskap mot Gud, for det bøyer seg ikkje under Guds lov og kan det ikkje heller. 8 Dei som kjøtet har makta over, kan ikkje vera til glede for Gud. 9 t Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til. 10 t Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda.

11 t Han reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar dødelege kropp levande ved sin Ande, som bur i dykk.
12  t Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil. 13 t For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva. 14 t Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born. 15 tt For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 t Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.

17 t Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.

Håpet om herlegdom


18  t Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår. 19 Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp, 21 t for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier. 23 tt Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri. 24 t For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser? 25 t Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord.

27 t Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.
28  t Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 t Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken.

30 Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.
31  t Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?

32 t Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
33  t Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 t Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?

36 t Som det står skrive:
For di skuld blir vi drepne dagen lang,
vi blir rekna som slaktesauer.
37  t Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 t For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

ROMANS 8

Living by the Power //of God's Spirit

1 If you belong to Christ Jesus, you won't be punished. 2 The Holy Spirit will give you life that comes from Christ Jesus and will set yout free from sin and death. 3 The Law of Moses cannot do this, because our selfish desires make the Law weak. But God set you free when he sent his own Son to be like us sinners and to be a sacrifice for our sin. God used Christ's body to condemn sin.

4 He did this, so that we would do what the Law commands by obeying the Spirit instead of our own desires.
5 People who are ruled by their desires think only of themselves. Everyone who is ruled by the Holy Spirit thinks about spiritual things. 6 If our minds are ruled by our desires, we will die. But if our minds are ruled by the Spirit, we will have life and peace. 7 Our desires fight against God, because they do not and cannot obey God's laws.

8 If we follow our desires, we cannot please God.
9 You are no longer ruled by your desires, but by God's Spirit, who lives in you. People who don't have the Spirit of Christ in them don't belong to him. 10 But Christ lives in you. So you are alive because God has accepted you, even though your bodies must die because of your sins.

11 t Yet God raised Jesus to life! God's Spirit now lives in you, and he will raise you to life by his Spirit.
12 My dear friends, we must not live to satisfy our desires. 13 If you do, you will die. But you will live, if by the help of God's Spirit you say “No” to your desires. 14 Only those people who are led by God's Spirit are his children. 15 t t God's Spirit doesn't make us slaves who are afraid of him. Instead, we become his children and call him our Father.t 16 God's Spirit makes us sure that we are his children.

17 His Spirit lets us know that together with Christ we will be given what God has promised. We will also share in the glory of Christ, because we have suffered with him.

A Wonderful Future //for God's People


18  t I am sure what we are suffering now cannot compare with the glory that will be shown to us. 19 In fact, all creation is eagerly waiting for God to show who his children are. 20 t Meanwhile, creation is confused, but not because it wants to be confused. God made it this way in the hope 21 that creation would be set free from decay and would share in the glorious freedom of his children.

22 We know that all creation is still groaning and is in pain, like a woman about to give birth.
23  t The Spirit makes us sure about what we will be in the future. But now we groan silently, while we wait for God to show that we are his children.t This means that our bodies will also be set free. 24 And this hope is what saves us. But if we already have what we hope for, there is no need to keep on hoping.

25 However, we hope for something we have not yet seen, and we patiently wait for it.
26 In certain ways we are weak, but the Spirit is here to help us. For example, when we don't know what to pray for, the Spirit prays for us in ways that cannot be put into words. 27 t All of our thoughts are known to God. He can understand what is in the mind of the Spirit, as the Spirit prays for God's people. 28 We know that God is always at work for the good of everyone who loves him.t They are the ones God has chosen for his purpose, 29 and he has always known who his chosen ones would be. He had decided to let them become like his own Son, so his Son would be the first of many children.

30 God then accepted the people he had already decided to choose, and he has shared his glory with them.

God's Love


31 What can we say about all this? If God is on our side, can anyone be against us? 32 God did not keep back his own Son, but he gave him for us. If God did this, won't he freely give us everything else? 33 If God says his chosen ones are acceptable to him, can anyone bring charges against them? 34 Or can anyone condemn them? No indeed! Christ died and was raised to life, and now he is at God's right side, t speaking to him for us. 35 Can anything separate us from the love of Christ? Can trouble, suffering, and hard times, or hunger and nakedness, or danger and death?

36 t It is exactly as the Scriptures say,
“For you we face death
all day long.
We are like sheep
on their way
to be butchered.”
37 In everything we have won more than a victory because of Christ who loves us. 38 I am sure that nothing can separate us from God's love—not life or death, not angels or spirits, not the present or the future, 39 and not powers above or powers below. Nothing in all creation can separate us from God's love for us in Christ Jesus our Lord!