Titus 1
Helsing
1 Frå Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel, som er sett til å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna den sanning som gjev gudsfrykt 2 og von om evig liv. Det har Gud, han som ikkje kan lyga, gjeve lovnad om frå æva av, t
3 og til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er meg tiltrudd etter påbod frå Gud, vår frelsar.t
4 Eg helsar Titus, min eigen son i vår sams tru. Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!tEldste og tilsynsmenn
5 Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få skikk på det som endå var ugjort. Du skal setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg. t 6 Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv. t 7 For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning. t 8 Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv.
9 Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil.tDei falske lærarane
10 For det er mange som ikkje vil underordna seg, serleg mellom dei omskorne. Dei fer med tomt snakk og fører folk vilt. t
11 Du må målbinda dei, for dei fører ulukke over heile huslydar når dei for eiga vinning skuld spreier ei lære som ikkje er rett.t
12 Ein mann frå Kreta, ein av deira eigne profetar, har sagt: «Kretarar har alltid vore lygnarar, arge villdyr, grådige og late!» t 13 Dette ordet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, så dei kan få ei sunn tru. t 14 Dei må ikkje fara med jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga. t 15 Alt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint; hjå dei er både vitet og samvitet ureine. t 16 Dei seier om seg sjølve at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og duger ikkje til å gjera noko godt.t
TITUS 1
1 From Paul, a servant of God and an apostle of Jesus Christ.
I encourage God's own people to have more faith and to understand the truth about religion. 2 Then they will have the hope of eternal life God promised long ago. And God never tells a lie!
3 So, at the proper time, God our Savior gave this message and told me to announce what he had said.
4 t Titus, because of our faith, you are like a son to me. I pray that God our Father and Christ Jesus our Savior will be kind to you and will bless you with peace!What Titus Was To Do //in Crete
5 I left you in Crete to do what had been left undone and to appoint leaderst for the churches in each town. As I told you,
6 t they must have a good reputation and be faithful in marriage.t Their children must be followers of the Lord and not have a reputation for being wild and disobedient.
7 Church officialst are in charge of God's work, and so they must also have a good reputation. They must not be bossy, quick-tempered, heavy drinkers, bullies, or dishonest in business. 8 Instead, they must be friendly to strangers and enjoy doing good things. They must also be sensible, fair, pure, and self-controlled.
9 They must stick to the true message they were taught, so their good teaching can help others and correct everyone who opposes it.
10 There are many who don't respect authority, and they fool others by talking nonsense. This is especially true of some Jewish followers. 11 But you must make them be quiet. They are after money, and they upset whole families by teaching what they should not.
12 It is like one of their own prophets once said,
“The people of Crete
always tell lies.
They are greedy and lazy
like wild animals.”
13 This surely is a true saying. And you should be hard on such people, so you can help them grow stronger in their faith.
14 Don't pay any attention to any of those senseless Jewish stories and human commands. These are made up by people who won't obey the truth.
15 Everything is pure for someone whose heart is pure. But nothing is pure for an unbeliever with a dirty mind. That person's mind and conscience are destroyed. 16 Such people claim to know God, but their actions prove they really don't. They are disgusting. They won't obey God, and they are too worthless to do anything good.